Verktøy for vidareutdanning

Verktøy for etter- og vidareutdanning kan sendast til vegsøkjar som førebuing før rettleiing. Dei kan også brukast som støtte i samtalen, eller som oppgåver vegsøkjar kan gjere i etterkant. Som fagperson kan du bruke verktøya som inspirasjon eller til planlegging.

Du finner verktøya på sida Vidareutdanning.

Døme på innhald:

  • Oversikt over kvar du kan finne kurs, nettstudium og andre utdanningar.
  • Kviss som skal avdekkje og oppklare typiske misoppfatningar.
  • Tips til korleis undersøkje støtte til utdanning.
  • Utforsking av kriterium for val av vidareutdanning.

Les om korleis vi utviklar innhaldet her.