Utvikling av innhald på Karriereveiledning.no
Situasjonane og innhaldet på nettstaden blir laga basert på brukarbehov. Det vil seie at vi aktivt bruker dei anonyme chattane til å finne ut:
- Kva situasjonar vegsøkjarar står i.
- Kva vegsøkjarar har behov for i dei ulike situasjonane.
- Korleis karriererettleiarane rettleier og kva som er til hjelp.
Vi er opptekne av at vegsøkjarane våre skal møte klarspråk i verktøya, og at det skal vere så brukarvennleg at dei kan gjere det på eigenhand. Derfor brukartestar vi jamleg innhaldet. Andre metodar vi bruker i utvikling av verktøy er:
- Workshops med karriererettleiarar.
- Djupneintervju av fagpersonar og brukargrupper.
- Innspelsrundar med fagpersonar frå ulike sektorar.
- Brukarpanel.
Læring
Vi ønskjer at vegsøkjarane våre skal oppleve læring ved bruk av verktøya våre. Det kan vere i form av praktisk trening, innsikt, utforsking av moglegheiter, eller å finne fram til nødvendig kunnskap.
Innspel?
Har du innspel til verktøya eller idear til noko nytt vi kan lage? Send til redaksjonen@karriereveiledning.no