Om Karriereveiledning.no

Karriereveiledning.no er ei offentleg, kvalitetssikra nettside. Her kan du chatte med eller ringje til ein karriererettleiar for å få svar på spørsmål du har om opplæring, utdanning og jobb.


Kostar det noko?

Nei, det er gratis å snakke med karriererettleiarane på karriereveiledning.no.

Kven lagar karriereveiledning.no?

Karriereveiledning.no er laga av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, som er eit direktorat under Kunnskapsdepartementet. Vi jobbar for at alle skal kunne lære heile livet og skaffe seg kompetansen dei treng.

Kva kan eg spørje karriererettleiarane om?

Du kan stille spørsmål om alt som dreier seg om opplæring, utdanning og jobb. Dette gjeld anten du

  • er ung og lurer på kva slags utdanning du bør velje
  • har vore i arbeidslivet ei stund, men har mista jobben eller blitt permittert på grunn av endringar i samfunnet
  • har ein stabil jobb, men føler at du verken utviklar deg eller får den anerkjenninga du fortener
  • har hamna på utsida av arbeidslivet, men har eit mål om å kome i gang igjen

Eller kanskje lurer du på noko heilt anna om jobb eller utdanning?
Eit møte med ein karriererettleiar kan vere eit viktig steg på vegen vidare. Du bestemmer sjølv kva samtalen skal dreie seg om – anten det er små eller store spørsmål.

Kan eg klage på tenesta?

Karriereveiledning.no er ei offentleg, kvalitetssikra teneste. Dersom du ønskjer å klage på tenesta, kan du klikke her for meir informasjon om korleis du rettar ein formell klage.

Samarbeid med utdanning.no

Karriereveiledning.no samarbeider med nettsida utdanning.no

Bilete
Logo utdanning.no