Offentlege karrieresenter

Dersom du ønskjer å snakke med ein karriererettleiar ansikt til ansikt, eller har behov for meir karriererettleiing enn det du får på denne nettsida, kan du kontakte eit av dei offentlege karrieresentera. Dei offentlege karrieresentera tilbyr gratis karriererettleiing til alle over 19 år.


Målet er at du skal få større innsikt i eigenskapane, interessene og ferdigheitene dine, og bli i stand til å ta gode og velinformerte val knytt til utdanning, opplæring og arbeid.

Elevar på ungdomsskulen eller i vidaregåande opplæring kan kontakte rettleiingstenesta på skulen sin. Oppfølgingstenesta rettleiar ungdom som ikkje er under utdanning eller i arbeid.

Dei fleste universitet og høgskular har også ei karriererettleiingsteneste.

Oversikt over offentlege karrieresenter

Agder:

Akershus:

Buskerud

Finnmark:

Innlandet:

Møre og Romsdal:

Nordland: 

Oslo: 

Rogaland: 

Telemark:

Troms:

Trøndelag: 

Vestland: 

Vestfold:

Østfold: