Beskriv kva du kan som nyutdanna

Det kan vere vanskeleg å beskrive kva du kan, særleg om du er nyutdanna. Her er tips som kan gi deg konkrete måtar å beskrive utdanninga di og erfaring i CV, søknad eller på eit intervju.

Finn ut kva jobben går ut på

Les nøye igjennom skildringa av stillinga du søkjer på. Kva er krava og ønska, og kva arbeidsoppgåver skal løysast? Ta utgangspunkt i det når du skal skrive CV og søknad.

Dette kan du lese meir om på sida Slik les du stillingsannonsen

Beskriv utdanninga di

Det er ikkje alltid at eit namn på ei utdanning seier arbeidsgivar så mykje. Bruk skildringa av utdanninga di som hjelp når du skal få fram kva du kan. Kva vil vere relevant for jobben du søkjer på?

Det kan vere:

  • Emne eller fag du har hatt
  • Læringsutbytte: kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse
  • Praksis

Annan jobberfaring

Alle erfaringar kan vere nyttig. Har du hatt sommar-, deltidsjobb eller jobba frivillig? Vis fram erfaringar, sjølv om jobben du har hatt er innanfor eit anna fagfeltet. Kva erfaringar vil vere nyttig i jobben du søkjer på?

Det kan vere:

  • Arbeidsoppgåver
  • Ansvarsområde
  • Om du har jobba åleine eller saman med andre

Treng du hjelp? Snakk med ein karriererettleiar

Du kan snakke med en karriererettleiar på chat eller telefon. Det er gratis, og du treng ikkje bestille time.