5 tips til søknad
Det viktigaste du gjer i søknaden er å vise at du er motivert, og at du kan gjere jobben.
1. Les stillingsannonsen godt
Bruk søknaden til å vise at du veit kva slags jobb du søkjer på. Er det noko informasjon i stillingsannonsen som gjer deg ekstra motivert for jobben? Det kan vere arbeidsoppgåvene, arbeidsmiljøet, bedrifta eller annan informasjon om jobben.
For fleire tips til korleis finne ut kva arbeidsgivaren ser etter kan du lese Slik les du stillingsannonsen.
2. Finn informasjon om arbeidsgivar
Bruk søknaden til å vise at du veit kven du søkjer jobb hos, ved å hente inn informasjon om arbeidsplassen. Sjekk til dømes nettsidene til bedrifta eller ta kontakt med arbeidsgivar.
3. Tilpass søknaden til jobben
Sjå på informasjonen du har om jobben og arbeidsgivaren, og vis at du har det som skal til. Søknaden skal vise arbeidsgivar at du forstår kva jobben går ut på, og korleis du vil løyse arbeidsoppgåvene. Den skal mellom anna svare på:
- Kva er motivasjonen din? Kvifor vil du ha akkurat denne jobben?
- Kva kan du bidra med i denne stillinga?
- Korleis vil du løyse arbeidsoppgåvene?
4. Vis arbeidsgivar kven du er
Du kan vise kven du er ved å bruke konkrete døme på korleis du bruker eigenskapane eller kunnskapen din.
Her kan du øve på å beskrive eigenskapane dine: Kven er du er du? Beskriv deg sjølv
5. Sjå over søknaden din
Sjekkliste:
- Har du fått fram kva som er motivasjonen i jobben du søkjer på?
- Har du fått fram kva du kan bidra med i jobben du søkjer på?
- Er søknaden kortfatta og utan skrivefeil?
Treng du hjelp?
Om du treng tips til søknaden kan du ta kontakt med en karriererettleiar, anten på karriereveiledning.no , eller eit karrieresenter i fylkeskommunen din.