3 ting foreldra dine tek feil av

Foreldre kan ta feil om vidaregåande, og det er ikkje så rart. Då dei gjekk på vidaregåande, var ting annleis. Her er nokre myter foreldre kan ha:

Myte: Du tener dårleg viss du tek fagbrev.
Fakta: Det er berre tull! Du kan få god lønn med fagbrev. Det er meir enn utdanning som kan påverke lønn. Derfor er det vanskeleg å seie kva som vil gi deg best lønn i framtida. 

Myte: Vel studiespesialisering viss du ikkje veit kva du vil bli.
Fakta: Mange trur det er best å velje studiespesialisering for å kunne studere. Uansett kva utdanningsprogram du vel kan det gi deg høve til å studere vidare på fagskule, høgskule eller universitet.

Myte: Gjer som foreldra dine! Du vil sikkert trivast med same jobb som dei.
Fakta: Det som passar andre, passar ikkje nødvendigvis deg. Søk på dei utdanningsprogramma du vil trivast best med.