Slik les du stillingsannonsen

Informasjonen i ein stillingannonse viser deg kva arbeidsgivar ser etter. Annonsen kan brukast til å finne ut om du har rett utdanning, arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

Bruk informasjonen om stillinga når du skal skrive CV og søknad, eller som førebuing til intervju.

Kva er arbeidsoppgåvene?

Arbeidsoppgåvene kan gi deg ei oversikt over kva som krevst av deg. Kva ønskjer arbeidsgivar å få gjort i denne jobben?

Kva er forskjellen på krav og ønskjer? 

  • Krav er noko du må kunne for å få jobben. Det kan vere krav til utdanning, arbeidserfaring, språk, kurs eller sertifikat.
  • Ønsker er erfaring det er ein fordel å ha, men du kan framleis bli tilsett om du ikkje har det.

Kva er krava og ønska for denne jobben?

Kva siktar ein til med personlege eigenskapar?

Personlege eigenskapar kan handle om kven du er som person, korleis du samarbeider med andre eller korleis du handterer ulike situasjonar. Dei personlege eigenskapane dine kan skilje deg frå andre med lik utdanning og arbeidserfaring.

Kva for nokre personlege eigenskapar blir nemnde for denne jobben?

Treng du meir informasjon om stillinga?

  • Sjekk ut nettsida til bedrifta.
  • Ta kontakt med arbeidsgivar og spør kva som trengst i stillinga.
  • Se på andre stillingsutlysingar for same type jobb.

Treng du hjelp?

Du kan snakke med ein karriererettleiar på chat eller telefon. Det er gratis, og du treng ikkje bestille time.