Sjekkliste for jobbsøk

Her er nokre spørsmål som kan hjelpa deg når du skal søkja jobb. Svara kan gi deg tips til CV, søknad, der du leitar etter jobb, eller korleis du kan svara på stillingsutlysinga.

Finn du jobbar du kan søkje på?
Har du oversikt over kva arbeidsgivar spør etter i stillingsutlysinga?
Veit du kva som er forskjellen på det som skal inn i ein CV og ein søknad?
CV: Viser du korleis du dekkjer krava til stillinga?
Søknad: Beskriv du dei personlege eigenskapane dine?