Lønner det seg å ta meir utdanning?

Det er mange som lurer på om det lønner seg å ta utdanning som voksen, og korleis økonomien blir under utdanning. Svaret er at det kjem an på kva du ønsker å få ut av utdanninga.

Tek du utdanning for å få høgare lønn, få andre arbeidsoppgåver, eller vil du ha ein annan jobb?

Kan det gi deg høgare lønn?

Det er mange måtar å finne ut av om det kan gi ei endring i lønn. Her er nokon stader du kan leite:

  • Utdanning.no viser lønn i ulike yrke. Søk opp yrket du er interessert i for å finne ei oversikt, eller du kan samanlikne yrke.  
  • Tariffavtalen på arbeidsplassen din kan seie noko om lønnsutvikling. Du kan også spørje fagforeininga di.
  • Snakk med sjefen din om kva utdanning har å seie for lønn.

Kan det gi deg andre arbeidsoppgåver eller ein annan jobb?

Snakk med leiaren din om kva andre arbeidsoppgåver du kan få med meir utdanning.

Viss du ønskjer deg ein ny jobb, kan du lese stillingsutlysingar på arbeidssøkjarportalar som arbeidsplassen.no eller finn.no og sjå kva arbeidsgivarar krev av kompetanse. 

Under Eg vil jobbe med noko anna får du tips til korleis du kan utforske andre jobbmoglegheiter.

Korleis blir økonomien under utdanninga? 

Her er det to ting som kan spele inn – om utdanninga kostar noko og om må du ta fri frå jobb. Begge delar kan du undersøkje i omtalen av utdanninga du vurderer.

Det er mogleg å søkje støtte til utdanning som voksen. Her kan du lese meir om kvar.