Kven kan du snakka med og korleis kan dei hjelpa deg?

Det er mange du kan kontakta for å snakka om moglegheitene dine.

Karriererettleiar

Ein karriererettleiar kan hjelpa deg med å sjå moglegheitene dine. Du kan kontakta karriererettleiarane våre på chat og telefon.

Studierettleiar / rådgivar

Studierettleiar eller rådgivar kan hjelpa deg med å sjå på alternativ for utdanninga du tek. Til dømes:

  • Permisjon
  • Utsetjing
  • Endring av utdanningsplan
  • Tilrettelegging