Kva vil det seie å jobbe praktisk?

Vi har spurt nokre ungdommar på yrkesfag kva dei tenkjer er fysisk eller praktisk arbeid. Her er kva dei seier:

  • Eg likar når det er fysisk tungt.
  • For meg betyr det å få rørt på meg, utan å bli så veldig sliten.
  • Eg likar variasjon.
  • Har aldri likt å sitte stille ein heil dag.
  • For meg handlar det om å vere kreativ og lære om ulike teknikkar.