Korleis er det å byrje i ein klasse utan nokon du kjenner?

Når du byrjar på vidaregåande møte du mange du ikkje kjenner frå før. Vi har spurt nokre ungdommar korleis dei synest det var. Her er noko av det dei seier:

  • Eg grudde meg litt i starten, men vi var heldigvis fleire i klassen som ikkje kjende nokon.
  • Det gjekk faktisk heilt fint.
  • Det var kanskje litt rart først. Men vi vart fort kjende.
  • Vi deler interesser, så vi har mykje å prate om.