4 stader du kan leite etter jobb
Du kan finne ledige jobbar på fleire måtar. Her er fire stader du kan sjekke ut.
1. Jobbsøkjarportalar
- Legg inn din CV på arbeidsplassen.no, finn.no, og andre jobbsøkjarportalar. Då har du alt klart for å søkje på jobbar.
- Søk smart! Bruk søkjefeltet og filtera. Sjekk tips for korleis gjere gode søk på Arbeidsplassen.no.
2. Nettverket ditt
Det finst jobbar som ikkje blir lagde ut på nett eller i aviser. Mange bedrifter bruker kontaktane sine for å finne folk. Du kan:
- Fortelje vennene, familien eller naboar at du leitar etter jobb. Dei kan kjenne nokon som har ei ledig stilling.
- Bli med i grupper på sosiale medium som er knytt til jobbar du er interessert i. Her kan du få tips om ledige stillingar og moglegheiter.
- Bruk nøkkelord på LinkedIn for å finne jobbar. Søk etter stillingstitlar som «miljøarbeidar» for å sjå ledige stillingar.
3. Nettstaden til bedrifter
- Sjå etter ledige stillingar på nettstaden til bedrifta eller dei sosiale media til bedrifta.
- Sjekk om bedrifta har ei nettside som heiter «Karriere» eller «Jobb hos oss». Der kan det stå noko om jobbmoglegheiter.
- Bruk søkjefunksjonen. Skriv inn ord som "jobb", "stilling" eller "karriere" på nettstaden til bedrifta for å finne kunngjorde stillingar.
- Sjekk om du kan sende open søknad. Nokre bedrifter har denne moglegheita sjølv om dei ikkje har nokon kunngjorde stillingar.
4. Bemanningsbyrå
Bemanningsbyråer leiger ut personell til bedrifter. Du kan:
- Sjå etter ledige stillingar på nettstaden til bemanningsbyråa.
- Registerr deg hos eit bemanningsbyrå. Opprett ein brukar, legg inn CV-en din og oppgje kva slags jobb du søkjer. Då kan dei ta kontakt viss dei finn noko som passar.