6 stader du kan leite etter jobb

To av fem jobbar blir aldri lyste ut. Under har vi samla nokon stader du kan leite etter jobb.

Den opne arbeidsmarknaden 

Den opne arbeidsmarknaden er der du finn alle kunngjorde stillingar. Dei finn du på arbeidsplassen.no, finn.no og andre jobbportalar. 

Den skjulte arbeidsmarknaden 

Den skjulte arbeidsmarknaden er dei jobbane som ikkje blir lyst ut. Desse stillingane blir besette mellom anna gjennom rekruttering, nettverk, bemanningsbyrå eller personlege førespurnader. 

Nettverket ditt 

Det kan vere at jobben du er ute etter finst i nettverket ditt. Kanskje kjenner du nokon som veit om ein jobb som passar for deg? 

Sosiale medium 

På sosiale medium kan du anten finne ledige jobbar, eller vise at du er på utkikk etter jobb. Døme på sosiale medium er Facebook eller LinkedIn. 

Oppsøkje moglege arbeidsgivarar 

Du kan ta direkte kontakt eller sjekke nettsida til arbeidsplassar du vil jobbe på. Har dei noko ledig no, eller i framtida?  

Bemanningsbyrå 

Du kan ta direkte kontakt eller sjekke nettsida til arbeidsplassar du vil jobbe på. Har dei noko ledig no, eller i framtida?