5 tips for å bli kjent med yrkesfaga på vidaregåande

Oversikt over kva yrkesfag du kan velje finner du på Vilbli.no.

1. Sjå film

Du finn filmar om utdanningsprogramma på:

2. Snakk med andre

Snakk med andre som går det yrkesfaget du vurderer. Still spørsmål som: Kva gjer de i timane? Kvar har du praksis? Hugs at det er meiningane til andre du får, og det er ikkje sikkert du vil oppleva det same.

3. Sjå på timeplanar

Sjekk om du finn døme på timeplanar på nettstaden til dei vidaregåande skulane. Viss ikkje kan du spørja om å få ein.

4. Finn ut meir om praksis

Yrkesfaga har praksis i faget yrkesfagleg fordjuping. Det vil seia at du er ute i ei bedrift og jobbar til dømes ein dag i veka. Du kan få nokre idear om kvar du kan ha praksis ved å sjekke ut bedrifter i oversikta på utdanning.no.

5. Snakk med karriererettleiar

På skulen kan du snakka med ein rådgivar. Du kan også ringe eller chatte med ein karriererettleiar her.