5 alternativ når du ikkje kjem inn på studiet du ønskjer

1. Ta utdanninga ein annan stad

Sjekk om du kan: 

  • Ta utdanninga ved ein annan studiestad
  • Endre studieform: nettbasert eller samlingsbasert 
  • Ta enkeltemne
  • Studere i utlandet 

2. Andre vegar til målet

Har du ein jobb du ønskjer å utdanne deg til? Det er ofte fleire utdanningar som kan gjere deg kvalifisert for same jobb.  

Dette kan du finne ut av ved å søkje opp jobben på arbeidsplassen.no. Sjå kva som er krav til stillinga. 

3. Ta ei anna utdanning

Kva liker du med utdanninga eller yrket du ønskjer deg? Det kan vere det finst andre yrke eller utdanningar som liknar. Sjå 4 tips til å bli kjent med yrke 

4. Vente til seinare opptak

Poenggrenser varierer frå år til år. I nokre tilfelle kjem det også fleire studieplassar. 

Lag deg ein plan for kva du skal gjere viss du bestemmer deg for å vente. Til dømes jobbe, ta kurs eller anna utdanning. 

5. Auk poenga dine

Det er mogleg å ta opp fag, byte ut fag, få tilleggspoeng eller vente på alderspoeng. Du kan lese meir om det på Samordna opptak. 

Du har ingen garanti for at du kjem inn sjølv om du får meir poeng. Sjekk ut kva fag som kan vere lettast for deg å forbetre. 

Snakk med en karriererettleiar viss du treng fleire tips eller hjelp til å bestemme deg.