4 tips til kva du kan sjå etter i ein stillingsannonse

Stillingsannonsen viser kva arbeidsgivar er ute etter. Den kan hjelpe deg å finne ut om du har utdanning, erfaring og dei personlege eigenskapane som trengst for jobben.

Bruk informasjonen i stillingsannonsen når du skal skrive CV og søknad, eller som førebuing til intervju. Her er 4 tips til kva du kan sjekke i stillingsannonsen.  

1. Kva skal du gjere i jobben?

Arbeidsoppgåvene beskriv kva du skal gjere i stillinga og kan hjelpe deg med å forstå kva jobben går ut på. 

Kva arbeidsoppgåver er det i jobben du skal søkje?

2. Kva er forskjellen på krav og ønskjer? 

  • Krav er noko du må kunne for å få jobben. Det kan vere krav til utdanning, arbeidserfaring, språk, kurs eller sertifikat.
  • Ønsker er erfaring det er ein fordel å ha, men du kan framleis bli tilsett om du ikkje har det.

Kva er krava og ønska for denne jobben?

3. Kva siktar ein til med personlege eigenskapar?

Personlege eigenskapar kan handle om kven du er som person, korleis du samarbeider med andre eller korleis du handterer ulike situasjonar. Dei personlege eigenskapane dine kan skilje deg frå andre med lik utdanning og arbeidserfaring.

Kva for nokre personlege eigenskapar blir nemnde for denne jobben?

4. Treng du meir informasjon om stillinga?

  • Sjekk ut nettsida til bedrifta.
  • Kontakt arbeidsgivar for å stille spørsmål om jobben.
  • Sjå på andre stillingsannonsar for same type jobb.

Treng du hjelp?

Du kan snakke med ein karriererettleiar på chat eller telefon. Det er gratis, og du treng ikkje bestille time.