4 tips for å bli kjent med utdanningsprogramma
Du kan velje mellom 15 utdanningsprogram på VG1. Her er fire tips for å bli kjent med dei.
1. Få oversikt
Kva kjem du til å lære? Kva yrke kan du jobbe i? Kvar kan du jobbe? Kva kan du velje som VG2?
Du kan finne informasjon om utdanningsprogramma på vilbli.no.
2. Sjekk ut faga
Sjå kva fag som er i dei ulike utdanningsprogramma.
Fag på yrkesfag
Fag på studieførebuande
3. Sjå film
Du finn filmar om utdanningsprogramma på:
- Utdanning.no på YouTube
- Nettsida til dei vidaregåande skulane i fylket ditt.
4. Snakk med andre
Snakk med andre som går eller har gått utdanningsprogramma du vurderer. Hugs at det er personlege meiningar du får, og det er ikkje sikkert du vil oppleve det same. Still spørsmål som: Kva gjer de i timane, i dei ulike faga?
Du kan også ta kontakt med dei vidaregåande skulane du vurderer.
Challenge:
Undersøk det utdanningsprogrammet du veit minst om, eller det du er sikker på at du ikkje vil velje. Kanskje oppdagar du noko nytt?