3 tips når du skal velje vidaregåande

Når du skal velje vidaregåande kan du møte to utfordringar. Den eine er at du blir påverka av kva andre meiner, og den andre er at du må finne ut korleis du kan ta valet. Her er to filmar som kan vere til hjelp.

Kven påvirkar valet ditt?

Kva skal du bli? Det treng du ikkje bestemme deg for når du skal søke vidaregåande.

Å velje ei utdanning kan vere vanskeleg, og du er ikkje åleine om du kjenner deg usikker. Det kan vere fleire grunnar til at du blir usikker. Ein av dei er at du blir påverka av andre. Mange har kanskje ei meining om kva du bør velje, og det er lett å bli påverka. Det kan vere venner, familie eller læraren din.

Uansett er det du som tek valet. Kva er viktig for deg?

3 tips:

Val av vidaregåande kan vere vanskeleg. Så kva kan du gjere for å bestemme deg?

  1. Først kan du finne ut kva som er viktig for deg. Kva liker du? Kva har du lyst til? Og kva liker du ikkje?
  2. Sjekk ut kva moglegheiter du har. Kva utdanningsprogram inneheld noko du liker? Kan det vere nokon moglegheiter du ikkje har tenkt på før?
  3. Har du mange alternativ? Vel bort nokon!

Til slutt må du ta eit val. Om du ikkje er skråsikker, ta det heilt med ro. Det er heilt vanleg. Same kva du vel har du mange moglegheiter seinare.

Ring eller chat med en karriererettleiar om val av vidaregåande