3 tips for å bli kjent med utdanningar
Vel studiar du vil vite meir om. Her er 3 tips til å utforske dei nærare.
1. Sjekk studieplanar
Studieplanen samanfattar kva du skal igjennom i løpet av studiet. Den finn du på nettsida til studiestaden. Du kan sjå etter:
- Fagleg innhald og læringsutbytte. Kva kjem du til å lære?
- Læringsaktivitetar. Er det forelesingar, sjølvstudium, praksis?
- Oppbygging og vurderingsformer. Korleis er studietida. Kva blir sagt om arbeidskrav og eksamen?
- Opptakskrav. Korleis komme inn på studiet?
Er det noko du ikkje finn svar på? Ta kontakt med studiestaden.
2. Undersøk moglege jobbar
Her finn du ut korleis du kan bruke utdanninga i jobb:
- Studieplanar seier ofte noko om kva jobbar du kan få.
- Søk opp utdanninga på arbeidsplassen.no. Du kan sjå kva jobbar som nemner utdanninga i stillingsannonsen.
3. Kva seier andre som har teke utdanninga?
Opplevingane til tidlegare studentar finn du ved å:
- Lese studentintervju på nettsida til studiestaden.
- Snakke med andre som går eller har gått utdanninga.