3 tips for å bli kjent med utdanningar

Vel studiar du vil vite meir om. Her er 3 tips til å utforske dei nærare.

1. Sjekk studieplanar

Studieplanen samanfattar kva du skal igjennom i løpet av studiet. Den finn du på nettsida til studiestaden. Du kan sjå etter:

  • Fagleg innhald og læringsutbytte. Kva kjem du til å lære?
  • Læringsaktivitetar. Er det forelesingar, sjølvstudium, praksis?
  • Oppbygging og vurderingsformer. Korleis er studietida. Kva blir sagt om arbeidskrav og eksamen?
  • Opptakskrav. Korleis komme inn på studiet?

Er det noko du ikkje finn svar på? Ta kontakt med studiestaden.

2. Undersøk moglege jobbar

Her finn du ut korleis du kan bruke utdanninga i jobb:

  • Studieplanar seier ofte noko om kva jobbar du kan få. 
  • Søk opp utdanninga på arbeidsplassen.no. Du kan sjå kva jobbar som nemner utdanninga i stillingsannonsen. 

3. Kva seier andre som har teke utdanninga?

Opplevingane til tidlegare studentar finn du ved å:

  • Lese studentintervju på nettsida til studiestaden.
  • Snakke med andre som går eller har gått utdanninga.