Verktøy for å søkje læreplass

Du kan bruke verktøyet Lag førsteutkast til jobbsøknaden til å rettleie elevar i søknadsskriving. Verktøyet lagar eit førsteutkast til søknad som viser oppsett og korleis tilpasse søknaden til ein stillingsannonse.  

Her er tilbakemeldingar frå lærarar som har brukt det i undervisning:

– Tida vart brukt meir effektivt. Mindre tid gjekk bort til igangsetjing og det skrivetekniske, meir tid til å lage godt innhald.

– Det var til stor hjelp for elevar som strevar med å skrive.

– Det bidrog til gode refleksjonar om bruk av kunstig intelligens. Både korleis bruke det på formålstenlege måtar, og kvifor det er viktig å omarbeide teksten etterpå.

Kva kan leggjast inn viss det ikkje finst ein stillingsannonse?

I feltet for å lime inn stillingsannonsen kan det leggjast inn andre opplysningar:

Korleis kan eleveane få fram kompetansen sin og eigenskapar i feltet for CV?

I feltet for å lime inn CV kan det leggjast inn:

  • Informasjon om eleven sitt utdanningsprogram og fag som er relevante.
  • Skildringar av kva som er gjort i praksis og YFF.
  • Forarbeid gjort i verktøyet Kven er du? Beskriv deg sjølv.

Andre verktøy for jobbsøk

Vi har også anna innhald for jobbsøk, som CV og intervju. Dette finn du under Nyutdanna og skal søkje jobb.