FAQ

Eg har valt feil utdanning – kva kan eg gjere?

Dersom du kjenner at du har valt feil utdanning, kan det vere lurt å be om ein samtale med ein studierettleiar på studiestaden din, eller ein karriererettleiar her på karriereveiledning.no, for å drøfte moglege løysingar. Alle fylke har dessutan eigne karrieresenter du kan kontakte for å få karriererettleiing.

Er du student og usikker på om du har valt rett studium?

Overgangen frå vidaregåande skule til høgskule eller universitet kan for mange opplevast som stor – kanskje særleg under koronapandemien, der mykje av undervisinga går digitalt, og dei fysiske møta med andre studentar er avgrensa. Dette kan gjere at du blir usikker på om du har valt rett studium, om du kjem til å trivast og om du i det heile klarer å halde motivasjonen oppe. Vi har samla informasjon og råd som vi håper kan vere til hjelp dersom du er usikker på valet ditt.

Rett val?

Mange studentar kjenner frå tid til annan på tvil om dei har valt rett studium eller ikkje. Dette er heilt normalt. Uansett kor gjennomtenkt valet har vore, er det ikkje enkelt å vite kva framtida vil bringe. Tenk over kvifor du valde slik du gjorde. Kva er det som kjennest feil? Kva forventingar hadde du til studiet og studietida? I denne videoen møter du ungdomar som snakkar om det å føle anger i samband med studievalet.

Hugs: Sjølv om du skulle byte studium seinare, har ikkje tida vore bortkasta. All kompetanse du har opparbeidd deg, vil gi deg ferdigheiter og haldningar som formar deg som menneske.

Sjølvinnsikt og motivasjon

Det er skilnad på motivasjon til å nå det store målet, nemleg det å fullføre utdanninga, og motivasjon til å lese pensum og jobbe med arbeidskrav. Mange kan oppleve stor motivasjon til å bli ferdig utdanna og byrje i yrket dei har sett seg ut, men slit med å motivere seg gjennom studietida. Korleis kan du auke motivasjonen din til å lese pensum, jobbe med arbeidskrav eller setje deg inn i fagstoff?

Det å kjenne deg sjølv og vite kva som driv deg, er viktige føresetnader for å ta gode og velinformerte val. Tenk difor over og kartlegg ressursane, styrkane, interessene og ønska dine.

Kven kan hjelpe med kva?

Ein studierettleiar/-konsulent ved studiestaden din kan hjelpe deg med å

  • leggje til rette studiet
  • svare på spørsmål om permisjon, utsetjing og endring av utdanningsplanen
  • få meir innsikt i studieretninga du har valt
  • utforske karrieremoglegheiter knytt til studiet

Studentsamskipnaden

Studentsamskipnaden som er tilknytt studiestaden din, har ofte rådgivarar, studenthelseteneste og ei rekkje ulike kurs og grupper som kan vere med på å forenkle kvardagen din som student. Her kan du til dømes dra nytte av praktisk trening, gode tips og verktøy, og få høve til å snakke med andre i same situasjon.