Eg har eit fagbrev - kan eg ta eit nytt fagbrev i eit annet fag?
Ja, du kan ta eit nytt fagbrev i eit anna fag, same kva du har gått på vidaregåande skule. Ein frisør kan til dømes bli tømrar. Dette blir kalla retten til yrkesfagleg rekvalifisering. På nettsidene til fylkeskommunen du tilhøyrer kan du finne informasjon. Bruk søkjeord som: fagbrev, vidaregåande, vidaregåande for vaksne eller vaksenopplæring.
Det finst mange vegar til fagbrev. Kva som er den beste vegen for deg, avheng mellom anna av bakgrunn, alder og kva fagbrev du vil ta. I tillegg har det betydning kva moglegheiter som finst i fylkeskommunen du tilhøyrer. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for vidaregåande opplæring, også fagbrev. Derfor er det fylkeskommunen du søkjer til, eller får rett informasjon frå.
For å finne ut meir kan du sjekke:
1. Vilbli.no. Der kan du lese meir om rett til yrkesfagleg rekvalifisering.
2. Vegen til fagbrev på utdanning.no. Der kan du både finne ut meir om ordningar som finst i heile landet, og om moglegheitene i fylkeskommunen du bur i.
3. Fagopplæringskontoret i ditt fylke. Dei kan ofte svare på spørsmål om fag- og yrkesopplæringa i bedrift.
Andre ressurser:
Artiklar, tips og verktøy på karriereveiledning.no:
- Oversikt over fagbrev som finst i Noreg.
- Tips om korleis du kan bli kjent med ulike yrke.
- Verktøy som hjelper deg med å finne ut kva som er viktig for deg i ein jobb.
- 3 ting å tenkje på når du skal ta utdanning som vaksen.
- Quiz: Kva vet du om utdanning for vaksne i jobb?
- Lønner det seg å ta meir utdanning?
Karriereveiledning:
- Karrieresentre i fylkeskommunane. Sjekk ut tilbodet dei har i det fylket du tilhøyrer.
- Karriereveiledning.no. Samtalar på chat og telefon, gratis og utan behov for timebestilling. Her finn du opningstidene og kontaktinformasjon.