FAQ
Kvar finn eg poenggrenser for høgare utdanning?
Poenggrensene kan variera litt frå år til år. Derfor er det umogleg å vita nøyaktig kor mange poeng du treng for å kome inn på studiet du ønskjer deg.
Ved å sjå på tidlegare poenggrenser kan du få ein idé om kor mange poeng du må ha. Desse tala kan du finna på:
- Utdanning.no. Her kan du søke opp studium for å sjå opptakskrav og kva poenggrensene har vore tidlegare.
- Samordna opptak. Her finn du du oversikt over tidlegare poenggrenser for studiar på universitet og høgskule.
- Studiestadens nettside. Studiar som har lokalt opptak, har ofte poenggrenser på eigne nettsider.
- Fagskolestudiar: Ta direkte kontakt med skolen for å finne ut av desse grensene.
Slik kan du rekna ut kor mange poeng du har:
Karakterkalkulatoren kan hjelpa deg med å rekna ut kva karaktersnitt du har og om du får andre poeng i tillegg til karakterar. Vel kva utdanningsprogram du går eller har gått. Du kan også leggja til eller fjerne fag. Sjekk "Ofte stilte spørsmål" i Karakterkalkulatoren viss du står fast.
Forklaring på poeng, opptakskrav og kvotar finner du på Utdanning.no.