Vanlege spørsmål

- Og svar

Jobb

Val av jobb er ei stor avgjerd for mange, uansett utdanning og bakgrunn. Om du i tillegg ønskjer å byta til eit anna yrke kan det vera utfordrande å sjå kva moglegheiter du har.

På sidan «Vil jobba med noko anna» har me samla verktøy og informasjon om kan hjelpa deg utforska kva du vil gjera. Som til dømes:

Kan eg søkja på andre jobbar enn det eg er utdanna til?

Du kan søkja jobbar som krev ein annan bakgrunn enn din.  Men det er ein risiko for at nokon med utdanning innanfor feltet vil stilla sterkare enn deg og få jobben.

Korleis finn eg aktuelle jobbar? 

Verktøyet "Få forslag til jobbar” gir deg nokre forslag til kva jobbar du kan undersøkja. Skriv inn utdanning og jobberfaring, så får du opp forslag til jobbar du kan sjekka ut.

Korleis kan eg visa arbeidsgivar korleis kompetansen min kan brukast i ein annan jobb?  

Verktøyet vårt «Beskriv kva du kan» gir deg konkrete forslag til korleis du kan beskriva kompetansen din. Ved å leggja inn utdanninga og jobberfaringa di, får du opp konkrete tips til korleis du kan beskriva ho på ulike måtar. Dette kan du bruka når du skal skriva CV og søknad.

Snakk med ein karriererettleiar  

Treng du nokon å drøfta moglegheitene dine med, kan du ta kontakt med ein karriererettleiar på karriereveiledning.no eller på eit karrieresenter i det fylket du bur i.


Utdanning

Ja, du kan ta eit nytt fagbrev i eit anna fag, same kva du har gått på vidaregåande skule. Ein frisør kan til dømes bli tømrar. Dette blir kalla retten til yrkesfagleg rekvalifisering. På nettsidene til fylkeskommunen du tilhøyrer kan du finne informasjon. Bruk søkjeord som: fagbrev, vidaregåande, vidaregåande for vaksne eller vaksenopplæring.

Det finst mange vegar til fagbrev. Kva som er den beste vegen for deg, avheng mellom anna av bakgrunn, alder og kva fagbrev du vil ta. I tillegg har det betydning kva moglegheiter som finst i fylkeskommunen du tilhøyrer. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for vidaregåande opplæring, også fagbrev. Derfor er det fylkeskommunen du søkjer til, eller får rett informasjon frå. 

For å finne ut meir kan du sjekke:

1. Vilbli.no. Der kan du lese meir om rett til yrkesfagleg rekvalifisering.

2. Vegen til fagbrev på utdanning.no. Der kan du både finne ut meir om ordningar som finst i heile landet, og om moglegheitene i fylkeskommunen du bur i.  

3. Fagopplæringskontoret i ditt fylke. Dei kan ofte svare på spørsmål om fag- og yrkesopplæringa i bedrift. 

Andre ressurser:

Artiklar, tips og verktøy på karriereveiledning.no:

Karriereveiledning:


Viss du har fagbrev har du mange høve til å ta meir utdanning. Kva som er den beste vegen for deg, avheng av mellom anna av bakgrunnen du har og kva vidareutdanning du vil ta. Her er nokre utdanningsmoglegheiter du kan utforske vidare: 

  1. Fagskule. Utdanning på fagskule kan takast direkte i bruk i arbeidslivet. 

  1. Meisterbrev. Ei meisterutdanning er ei vidareutdanning for handverkarar. Du kan lære om leiing og fordjupe deg fagleg i handverksfaget ditt. Utdanninga er spesielt tilpassa dei som jobbar.  
  1. Eit nytt fagbrev i eit anna fag. Du kan ta eit nytt fagbrev i eit anna fag, same kva du har gått på vidaregåande skule. Ein frisør kan til dømes bli tømrar. Dette blir kalla for yrkesfagleg rekvalifisering. På nettsidene til fylkeskommunen du tilhøyrer kan du finne informasjon. Bruk søkjeord som: fagbrev, vidaregåande, vidaregåande for vaksne eller vaksenopplæring. 
  1. Utdanning på universitet eller høgskule. På utdanning.no kan du sjekke ut moglegheitene dine. Du finn meir informasjon på samordnaopptak.no

 

Andre ressursar

Artiklar, tips og verktøy på karriereveiledning.no:

 

Karriererettleiing:


Det er vanskeleg å vita nøyaktig kva karakterar du treng for å komma inn på det utdanningsprogrammet du ønskjer. Det er fordi det varierer frå år til år, og frå skule til skule.  

Kor gode karakterar du må ha er avhengig av:

  • kor mange andre som søkjer det same som deg.
  • kor gode karakterar dei andre som søkjar har.

Du får plass på eitt av dei tre ønska dine uansett kva karakterar du har. 

Du kan snakka med inntakskontoret i fylket ditt og spørja kva karaktersnittet for å komma inn har vore tidlegare. Inntakskontora er ikkje nøydde til å fortelja deg dette, men det er verd eit forsøk.

På Ung.no finner du tips til korleis du kan regna snitt og karakterpoeng.  


Poenggrensene kan variera litt frå år til år. Derfor er det umogleg å vita nøyaktig kor mange poeng du treng for å kome inn på studiet du ønskjer deg.  

Ved å sjå på tidlegare poenggrenser kan du få ein idé om kor mange poeng du må ha. Desse tala kan du finna på:

Slik kan du rekna ut kor mange poeng du har:

Karakterkalkulatoren kan hjelpa deg med å rekna ut kva karaktersnitt du har og om du får andre poeng i tillegg til karakterar. Vel kva utdanningsprogram du går eller har gått. Du kan også leggja til eller fjerne fag. Sjekk "Ofte stilte spørsmål" i Karakterkalkulatoren viss du står fast.

Forklaring på poeng, opptakskrav og kvotar finner du på Utdanning.no.