Intervju

- For deg som skal på intervju

Du kom gjennom nålauget! Her er nokre tips til korleis du bør førebu deg til intervjuet.


Når du skal på intervju, er det viktig at du førebur deg godt. Start med å finne ut kva slags intervju du er kalla inn til. Er det eit telefonintervju? Eit videointervju? Skal du gjere ei case-oppgåve eller ta testar? Du får vanlegvis beskjed om dette når du blir invitert til intervju. Er du usikker, kan du spørje personen som kallar deg inn.

Å presentere deg sjølv

Innleiingsvis i intervjuet får du gjerne spørsmålet «kven er du?». Poenget med eit slikt spørsmål er å bli litt betre kjend med deg ut over det som allereie står i CV-en og søknaden din. På same tid er det rett og slett ein måte å kome i gang på. Her er nokre tips til kva du bør seie:

  • Ta opp att namnet ditt og fortel kor du bur eller jobbar.
  • Sei litt meir om bakgrunnen for utdannings- og jobbvala dine.
  • Ikkje rams opp CV-en din ordrett, men prøv å framheve dei sidene av bakgrunnen din som er relevante for jobben.
  • Du kan fortelje om fritidsinteresser, men ikkje bruk for mykje tid på dette.
  • Få fram noko du vil at dei skal hugse om deg.

Øv på ein presentasjon av deg sjølv på førehand, og ta tida. Du har eit godt utgangspunkt dersom du ligg på mellom to og fem minutt.

Knyt kompetansen din til stillinga

I løpet av intervjuet vil du få spørsmål om korleis du tenkjer å handtere dei ulike arbeidsoppgåvene, korleis du samarbeider med andre og kva kompetanse du har som kan vere nyttig i stillinga. Her kan det vere ein god idé å ha gjort klar nokre døme. Forklar korleis du har jobba tidlegare. Unngå å snakke generelt; fortel heller om konkrete situasjonar som viser korleis du fekk til noko eller jobba godt med andre i ein bestemt situasjon. Pass deretter på å avslutte dømet med å forklare korleis du trur at denne erfaringa kan kome til nytte i dei ulike arbeidsoppgåvene eller rollene du skal ha i den nye jobben.

Dette vil gjere det enklare for arbeidsgivarenå forstå korleis kompetansen din er relevant. I tillegg vil dei hugse deg betre når dei skal samanlikne deg med dei andre kandidatane etterpå. Tenk på at samtalen skal vere ei slags historie om deg i den nye jobben, og la det vere ein raud tråd gjennom heile intervjuet.

Bli kjend med arbeidsgivaren

Sjekk nettsider, eventuelle handlingsplanar eller rapportar, sosiale medium og Google for å finne relevant informasjon. Set deg inn i kva bedrifta jobbar med, og korleis ho er organisert. Du treng ikkje å bli ekspert på alt dei gjer, men du verkar straks meir interessert og oppdatert dersom du har visjonen og måla deira litt under huda.

Motivasjon

«Kvifor vil du jobbe hos oss?», «Kvifor er du interessert i dette feltet?», «Kva arbeidsoppgåver trur du at du vil trivst best med her?». Slike spørsmål gir arbeidsgivaren innblikk i motivasjonen din, og kan vere utslagsgivande for kven som til slutt får jobben. Pass på at motivasjonen du trekkjer fram, har verdi også for arbeidsgivaren. Legg vekt på det du opplever som viktig med måla eller arbeidet til arbeidsgivaren, eller at du trivst med arbeidsoppgåvene i stillinga du søkjer på. Få fram kva du ønskjer å bidra med, at du vil trivst med arbeidsoppgåvene, og at du synestdet er meiningsfullt det som arbeidsgivaren gjer. På den måten får dei større tiltru til at du vil passe godt inn og gjere ein god jobb.

Svake og sterke sider

I eit jobbintervju er det vanleg å bli spurt om kva svake sider ein har, og mange kvir seg for å svare på dette. Grunnen til at dette spørsmålet kjem opp, er at ein vil sjå om du har sjølvinnsikt. Forstår du at du ikkje er like god på alt? Når er det ting luggar litt for deg, og når opplever du at du trivst dårleg? Forsøk å få fram noko som er relevant og arbeidsrelatert, og unngå å svare at svakheitene eigentleg er noko positivt. Det viktigaste er å få fram at du er klar over dei og veit korleis du skal handtere dei. Synest du til dømes at det er vanskeleg å tale i ei forsamling? I så fall kan du seie at du tidlegare har opplevd dette som krevjande, og at du difor førebur deg litt ekstra før du går laus på ei slik oppgåve. Fortel gjerne også korleis du då førebur deg.

Du bør også vere trygg på styrkane dine. Snakk med kollegaer eller vennar og høyr kva dei opplever at du er god på. Tenk på situasjonar du meistrar, og fortel kva du trivst med. Viss du er glad i å halde føredrag, så er du sannsynlegvis også litt god på det. Å seie at du trivst med noko eller har fått tilbakemeldingar på at du blir opplevd på ein bestemt måte, kan gi god variasjon i svaret og gjere deg mindre inhabil. Vel eigenskapar som er relevante for jobben du søkjer på.

Still spørsmål

Sjølv om arbeidsgivaren ofte står for dei fleste spørsmåla, kan du gjerne førebu nokre spørsmål sjølv. La spørsmåla dreie seg om arbeidsoppgåver, samarbeidmed andre, tema du skal jobbe med, eller liknande. Dette viser at du er interessert i stillinga. Spørsmål som dreier seg om tilsettgode og feriemoglegheiter, bør du berre ta opp dersom du faktisk får tilbod om stillinga. Ofte får du vite desse tinga uansett når arbeidsgivaren presenterer seg sjølv og verksemda. Av og til får du svar på spørsmåla dine i løpet av samtalen, eller du finn ein naturleg stad å ta dei opp på sjølv undervegs. Andre gongar er det meir naturleg at du tek spørsmåla dine mot slutten av intervjuet.

Rammene for intervjuet

Det kan løne seg å planleggje det praktiske rundt intervjuet. Finn ut på førehand korleis du kjem deg til intervjustaden, og få hjelp av ein venn til å teste at eventuelt videoutstyr fungerer som det skal. Ver ute i god tid og meld deg i resepsjonen nokre minutt før tida. Hugs at du i prinsippet er på intervju frå den augneblinken du går inn døra hos arbeidsgivaren. Ta med deg noko å skrive på, og gjerne også kopiar av papira du sende inn då du søkte.

Øv deg på førehand

For mange er eit jobbintervju ein uvan sjanger. Tren på vanskelege spørsmål, anten åleine eller saman med nokon du kjenner deg trygg på.

Hugs også at ein karriererettleiar kan gi deg fleire nyttige innspel før eit intervju.

Lukke til! 

Tilbake til jobb