Ressursar for foreldre

Mange unge er opptekne av kva foreldra meiner når dei skal velje yrke og utdanning. Vi tilbyr rettleiing og ressursar som kan hjelpe foreldre å vere ein støttespelar i valet. 

Snakk med ein karriererettleiar

Foreldre kan nytte seg av chat og telefon.  Her er døme på kva foreldre har teke kontakt med oss om:

– Son min skal søkje vidaregåande, og eg har eigentleg mange spørsmål eg ikkje finn svar på.

– Det gjeld dotter mi, russ i år, som vurderer å jobbe 1 år i alle fall, eventuelt reise. Bør ho uansett søkje på utdanning no, og korleis er dette med førstegongsvitnemål?

– Korleis er moglegheita for å studere etter påbygging? Vil dotter mi kunne velje dei same studiane?

– Son vår ønskjer å gå toppidrett, men vi er redd det blir for tøft fagleg.

Innhald på nettstaden

Vi har ei foreldreside med tips for val av vidaregåande. Den er laget basert på behov foreldre har når dei snakkar med oss.

Eit par gonger i året har vi webinar for foreldre. Sjekk sida for digitale arrangement for påmelding, eller for å finne lenkje til opptak av tidlegare gjennomførte webinar.