Metodikk og fagleg standard
På denne sida finn du informasjon om modellen vi bruker, korleis vi jobbar med fagutvikling, og vegvisaren vår for digital karriererettleiing.
Modell for digital karriererettleiing
I rettleiing bruker vi ein modell for samtalestruktur. Denne modellen har fire fasar, med fokus på læringsperspektivet gjennom Kolbs læringssirkel og områda for utforsking og læring.
Klikk deg rundt i modellen:
Kjelder: Kommunikasjonsmodellen 4K fra eVejledning i Danmark og Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karrierettleiing.
Nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing
Kvalitet i karriererettleiing består av fire delar, som til saman set ein fagleg standard for Karriereveiledning.no:
Kompetansestandardane: kompetansen til karriererettleiaren.
Karrierekompetanse: utbyttet av karriererettleiing.
Etikk: kjenneteikn på god etisk praksis.
Kvalitetssikring: innsatsområde for kvalitet.
Dei fire delane jobbar vi systematisk med. Det gjer vi mellom anna gjennom:
- Kollegarettleiing.
- Bruk av rettleiingsmetodikk.
- Kompetanseheving.
- Utvikling av innhald på nettstaden.
- Kvalitetsutviklingsarbeid.
Vegvisar for digital karriererettleiing
Vi har laga ein vegvisar for digital karriererettleiing basert på arbeid med fagutvikling og erfaringar gjort i rettleiing. Vegvisaren og meir informasjon om den finn du presentert i Kvalitetslaboratoriet.