Du blir påverka når du skal velje vidaregåande

Kva skal du bli? Det treng du ikkje bestemme deg for når du skal søke vidaregåande.

Å velje ei utdanning kan vere vanskeleg, og du er ikkje åleine om du kjenner deg usikker. Det kan vere fleire grunnar til at du blir usikker. Ein av dei er at du blir påverka av andre. Mange har kanskje ei meining om kva du bør velje, og det er lett å bli påverka. Det kan vere venner, familie eller læraren din.

Uansett er det du som tek valet. Kva er viktig for deg?