4 tips til å bli kjent med yrker

Det finst veldig mange yrke. Finn først ut kva du har mest lyst å vite meir om. Her er fire tips til å bli kjent med dei.

Lurar du på kva du kan utdanne deg til på vidaregåande? Undersøk det her 
 

1. Korleis er det å jobbe i yrket?

Finn ut meir om til dømes arbeidsoppgåver, lønn og arbeidstid.

Du kan sjå på filmar på:

Du kan lese skildringar av yrke på utdanning.no. Der finn du informasjon om lønn.

2. Kva seier andre som jobbar i yrket?

Kjenner du nokon som jobbar i yrket du vil vite meir om? Eksempel på spørsmål du kan stille: 

  • Kva arbeidsoppgåver har du?
  • Kva gjer du mest i løpet av ein arbeidsdag?
  • Kva liker du med jobben din?
  • Kva arbeidsoppgåver liker du minst?

3. Kvar kan du jobbe?

Du kan ofte jobbe på mange ulike arbeidsplassar med den utdanninga du tek. Sjekk ut:

  • Skildringa av yrket på utdanning.no. Der står det kvar andre i yrket jobbar.
  • Bruk namnet på utdanningar som søkeord i jobbsøkjarportalar som arbeidsplassen.no og finn.no. Då vil du sjå at ulike bedrifter spør etter same utdanning.

4. Korleis undersøke moglegheiter for jobb der du vil bu?

Viss du veit kvar du vil bu, kan du:

  • Sjekke bedrifter du kjenner til. Kva yrke har dei behov for? Du kan finne informasjon på nettstadene til bedriftene og ta kontakt om du vil vite meir. 
  • Undersøkje om det finst bedrifter du ikkje veit om. Sjekk oversikta over bedriftene på utdanning.no: Vel stad og trykk inn på bedrifter for å sjå alle yrkesgrupper som jobbar der. 
  • Snakk med andre. Lærarar, rådgivarar og andre du kjenner kan hjelpe deg.

Snakk med ein karriererettleiar hos oss på chat eller telefon.