3 tips til kvar du kan søkje støtte til utdanning som voksen

Korleis blir økonomien under utdanninga, og kvar kan du få i støtte? Mange som tek kontakt med oss lurer på om det er mogleg å få dekt utdanning som voksen. Her er tre tips til kvar du kan sjekke om du får støtte. 

Snakk med arbeidsgivaren din 

Mange arbeidsgivarar tilbyr støtte til utdanning for sine tilsette. Støtta kan vere i form av å få fri med lønn, at arbeidsgivar betaler utgifter, eller andre ordningar. 

Søk lån og stipend frå Lånekassen 

Du kan få lån og stipend når du tek utdanning, også om du jobbar. Det er til dømes eigne ordningar for studentar over 30 år, eller viss du har barn.  Du kan lese meir om stipend og lån på Lånekassen.no. 

Sjekk fagforeninga 

Fagforeiningar kan ha stipend eller anna støtte til utdanning. Sjekk nettsida til fagforeininga di eller ta kontakt med dei.