3 ting å tenke på når du skal ta meir utdanning

Har du oversikt over kva du kan, og kva du ønskjer å lære? Mange vaksne tek kontakt med Karriereveiledning.no fordi dei er usikre på om dei skal ta meir utdanning, og kva utdanning dei skal velje. Her er tre tips vi ofte gir til vaksne som snakkar med oss.

1. Finn ut kva du ønskjer å få ut av utdanninga

Det kan vere ulike grunnar til å ta meir utdanning. Her er nokre grunnar:

  • Andre arbeidsoppgåver
  • Endre arbeidstid
  • Tene meir
  • Få ny jobb eller byte yrke
  • Bli tryggare i jobben du har

Kva ønsker du å få ut av meir utdanning? 

2. Få oversikt over kva du kan

Kan du meir enn du trur? I jobb, utdanning og frivillig arbeid får mange ofte kunnskap og ferdigheiter dei kanskje ikkje er heilt klar over. Kan erfaringane og utdanninga du allereie har hjelpe deg å nå målet?

Du kan bruke verktøyet Beskriv kva du kan for å få oversikt.

3. Undersøk moglegheitene

Kva ønsker du å lære meir om? Kanskje er det fleire utdanningar som er aktuelle? Sjå 4 stader du kan leite etter utdanning for vaksne for å finne fram til moglegheitene.

Her er nokre tips til kva du kan sjekke for utdanningar du vurderer:

  • Kva kjem du til å lære?
  • Kva er opptakskravet?
  • Er det nokon utgifter for utdanninga?
  • Er det obligatoriske innleveringar og oppmøte?