6 trinn til val av utdanning

Kvifor er utdanningsval så vanskeleg og kva kan du gjere for å ta eit val?

Magekjensla kan vera ein dårleg rettleier når vi skal ta val. Korleis kan du unngå å ta eit forhasta val, men samtidig ikkje bli heilt overvelda av informasjon?

Her er seks trinn som kan vere til hjelp når du skal velje:

1. Bestem kva som er viktig for deg

Å leite blant 7 000 utdanningar er ei overveldande oppgåve. Avgrens søket ditt. Ein god måte å gjere det på er å først beskrive kva du ønskjer med valet ditt.

Her er spørsmål som kan hjelpe deg på veg:

2. Skaff informasjon

Det er fleire verktøy som kan vere til hjelp for å bli kjend med yrke og utdanningar. Sjekk ut:

Ver open når du leitar etter informasjon. Vi har ein tendens til å leite etter informasjon som stadfestar det vi allereie har tenkt. Undersøk utdanningar og yrke du ikkje kjenner til frå før.

3. Snevre inn

Viss du har mange alternativ, må du velje ut nokon. Kva utdanningar er det som passar best til det som er viktig for deg? Kva studiar kjem du inn på?

  • Samordna opptak kan du sjå kor mange studium du kan søkje på samtidig.

  • Ikkje alle lærestader bruker Samordna opptak. Sjekk ut nettstaden til lærestaden for å få vite meir.

4. For og imot

Kva er fordelar og ulemper med utdanningane du vurderer? Du kan bruke dette verktøyet for å lage ei liste for og imot.

Lista kan gi deg oversikt over kva som er viktig når du skal bestemme deg. 

5. Sjå for deg kvar du er om fem år

Når du har teke eit val kan du gjennomføre ein stresstest. Som nemnt over, har hjernen vår ein tendens til å stadfeste det vi meiner og oversjå viktige utfordringar. Du kan prøve denne øvinga for å finne ut av moglege hindringar: 

Sjå for deg at fem år har gått. Det viser seg at studievalet du tok gjekk skikkeleg dårleg. “Alt” har gått til helvete. Bruk ti minutt på å beskriva kva som skjedde i løpet av dei fem åra. Kvifor gjekk det gale?

Oppdaga du nokon moglege utfordringar? Viss ja, kan det vere du bør undersøkje det meir.

6. Bestem deg

Til slutt må du ta eit val. Om du ikkje er skråsikker, ta det heilt med ro. Det er vanleg å kjenne på uvisse uansett kva val du tek.

Hugs at du ikkje forpliktar deg for resten av livet. Det er vanleg å velje utdanning fleire gonger.

Snakk med ein karriererettleiar viss du treng fleire tips for å velje utdanning.

 

Tekst utarbeida i samarbeid med psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg