Seks trinn til valet ditt
Kvifor er utdanningsval så vanskeleg og kva kan du gjere for å ta eit betre val?
Magekjensla kan vera ein dårleg rettleier når vi skal ta viktige og kompliserte val. Så, korleis kan du unngå å ta eit forhasta val, men samstundes ikkje bli heilt overvelda av informasjon?
Her er seks trinn til eit velinformert val:
1. Bestem kva som er viktig for deg
Å leite blant 7 000 utdanningar er ei overveldande oppgåve. Avgrens søket ditt. Ein god måte å gjere det på er å først beskrive kva du ønsker å oppnå med valet ditt.
Her er fire spørsmål som kan hjelpe deg på veg:
- Kva er viktig for deg?
Vil du helst jobbe tett med andre eller trivast du best i eige selskap? Kor viktig er lønn? Treng du action eller vil du helst kunne fordjupe deg i oppgåver? Finst det tema du allereie er veldig interessert i? - Kva styrker og avgrensingar har du?
Er du analytisk? Teknisk anlagt? God til å skrive? Sosialt sterk? Kva situasjonar meistrar du godt? Kva situasjonar tappar deg for energi? Har du hatt deltidsjobbar eller fag på skulen som du briljerte i eller ikkje treivst i? - Kva tenker dei som kjenner deg godt?
Still dei same spørsmåla til nokon som kjenner deg godt og som du stoler på. Kva meiner til dømes dei er styrkane dine? Det er viktig at det er ein person som tør å vere ærleg med deg - både på kva du er god på og om kva du kanskje burde halde deg unna. - Føler du press frå andre?
Er du bekymra for reaksjonane til andre, som foreldre eller vener? Ville du ha valt annleis om valet hadde vore hemmeleg? Om du svarer ja på desse spørsmåla, bør du vurdere å legge meir vekt på dine eigne ønskjer. Det er naturleg å la seg påverke av andre, men det er du som skal leve med valet.
2. Skaff informasjon
Basert på det du no har føre deg er det på tide å lære litt om kva som finst av alternativ der ute. Det er no du med fordel kan undersøkje dei moglegheitene som du ikkje har tenkt på før.
Vi har ein tendens til å søke etter informasjon som bekreftar det vi allereie har tenkt. Men da kan ein gå glipp av nyttig informasjon, andre moglegheiter og relevante alternativ. Still deg sjølv desse spørsmåla:
-
Kva utdanning som også svarer på ein del av behova mine, har eg aldri vurdert før?
-
Finnes det nokre interessante yrker der ute som eg aldri har høyrt om?
-
Kva informasjon har eg ikkje lyst til å finne?
Nyttige verktøy
På utdanning.no/verktoy er det fleire verktøy som kan vere til hjelp.
- Karakterkalkulatoren viser kva studiar du kan komma inn på
- Jobbkompasset viser kva yrke som passar dei overordna interessene dine, kva som skal til for å få yrket du vurderer og kva du kan forventa å tene.
- Interesseoversikten gjer at du kan velje spesifikke interesser og viser deg kva utdanningar og yrke som passar til dei.
Skriv ned alle utdanningar du no tenkjer kan vere aktuelle.
3. Snevre inn
Om du no sit med veldig mange alternativ, må du velje ut nokon. Då bør du sjå nøye på tinga du noterte i trinn 1. Kva av alternativa er det som passar best til dei?
Du må sjølv vurdere kor mange du skal avgrense til, men du bør ikkje ha fleire enn ti og gjerne færre.
4. For og imot
Det er på tide å vege for og imot. Gå igjennom kva som var viktig for deg i trinn 1. Med desse i bakhovudet, korleis ser valalternativa dine ut?
Det er mange måtar å gjere det på. Det viktigaste er at du skaffar deg ei oversikt over argumenta for og imot alternativa dine. For å hjelpe deg med dette kan du bruke verktøyet «sammenlign» på utdanning.no, og på karriereveiledning.no kan du setje opp argumenta dine for og imot dei mest lovande alternativa.
Etter dette er det på tide å landa eit val.
5. Stresstest
Om du no føler deg sikker i di sak, kan det vere lurt å gjennomføre ein liten stresstest. Som nemnt over, har nemleg hjernen vår ein tendens til å bekrefte det vi meiner og oversjå viktige utfordringar. Ei øving som hjelper deg til å få dei fram i lyset, er denne:
Sjå for deg at fem år har gått. Det viser seg at studievalet du tok gjekk skikkeleg dårleg. “Alt” har gått til helvete. Bruk ti minutt på å beskriva kva som skjedde i løpet av dei fem åra. Kvifor gjekk det gale?
Om resultatet av stresstesten er at viktige, nye motargument har kome fram, bør du kanskje gå tilbake til tidlegare trinn. Viss ikkje har tida komme for å ta ei avgjersle.
6. Bestem deg
Tida har komme for å bestemme seg. Sannsynlegvis synest du framleis at det er vanskeleg. Verda er ein usikker stad og mykje kan skje. Tilfeldigheiter kjem til å spele ei rolle for resultatet av valet du står ovanfor. Kan du leve med det?
Om du er spesielt rådvill kan du gå tilbake til tidlegare trinn. Eller kanskje du vil snakke med en karriererettleiar?
Viss uvissa blir i overkant ubehageleg, kan det vera greitt å minna seg sjølv på at du ikkje forpliktar deg for evig. Å ta utdanningsval er viktig, men det er ikkje uvanleg å ta slike val fleire gangar.
Viss du har følgt desse seks stega, har du uansett tatt eit val som er langt meir velfundert enn om du berre følgde magekjensla.
Lykke til!
Tekst utarbeida i samarbeid med psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg