Lar du deg lure av magefølelsen?
Vi tar rundt 2 millionar val i løpet av livet, og du står midt i eit av dei viktigaste av dei. Kva utdanning skal du ta? Kva skal du bli?
Det er ikkje uvanleg å synest at det å ta val er vanskeleg. Og spesielt ved val av utdanning er det gode grunnar til at er vanskeleg. Ein av hovudgrunnane er at hjernen ikkje er laga for å ta så kompliserte val.
Når blir det vanskeleg å velje?
Forsking[1] viser at det blir spesielt vanskeleg å velje når:
● du har mange valalternativ
● du slit med å sjå for deg kva konsekvensar valet kan ha
● valet betyr mykje for deg
● det du skal velje mellom er vanskeleg å samanlikne
For mange skårar val av utdanning full pott på desse punkta. Resultatet kan bli det psykologar kallar valoverbelastning. Her er nokre teikn på at valoverbelastninga rår: Du unnlét å ta valet så lenge som mogleg. Du er redd for at du kjem til å angre uansett kva du vel. Du får lyst til å ta eit kjapt val basert på magekjensla, med dette er ikkje nødvendigvis så lurt.
Baksida ved magekjensla
Magekjensla er ein god ting å ha i livet. Ho gjer at du klarer å takle den vanvitige mengda informasjon og alle vala du må ta i løpet av ei heilt vanleg veke. Samstundes viser forsking at den er ein dårleg rettleiar når vi skal ta viktige og kompliserte val, som utdanningsval gjerne er.
Magekjensla baserer seg til dømes for mykje på informasjon om er lettast tilgjengeleg, som utdanningar vener og familie snakkar mykje om, eller som blir ofte nemnde i media. Problemet er naturlegvis at det ein ven pratar om eller det som får mange klikk i media ikkje nødvendigvis er det som passar deg best.
Går du i stadfestingsfella?
Når vi baserer oss på magekjensla har vi òg ein lei tendens til å bekrefte oppfatninga vi allereie har. Om du allereie blir trekt mot eit utdanningsval, er sjansen stor for at hjernen din vil finne det som bekreftar valet ditt og litt for raskt sjå vekk i frå andre alternativ. Det er ein god ting å vera trygg på valet sitt, men verkeleg trygg er ein først når ein vurderer alle alternativa grundig. Det er ikkje nødvendigvis eit kvalitetsstempel å vere heilt sikker på at utdanningsløpet du har valt blir det einaste rette.
Så, korleis skal du unngå å ta eit forhasta val, men samstundes ikkje bli heilt overvelda av all informasjon? Her kan du lese om seks trinn mange kan ha nytte av å følge.
Teksten er utarbeida i samarbeid med psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg.