Kvifor kan det vere vanskeleg å ta eit val?

Vi tek rundt 2 millionar val i løpet av livet, og du står midt i eit av dei viktigaste av dei. Kva utdanning skal du ta? Kva skal du bli?

Det er ikkje uvanleg å synast det er vanskeleg å velje. Og spesielt utdanningsval er det gode grunnar til at er vanskeleg. Ein hovudgrunn er at hjernen ikkje er laga for å ta så kompliserte val.

Når blir det vanskeleg å velje?

Forsking[1] viser at det blir spesielt vanskeleg å velje når:

  • du har mange valalternativ
  • du slit med å føreseie konsekvensane av valet
  • valet betyr mykje for deg
  • det er vanskeleg å samanlikne det du skal velje mellom

For mange skårar valet av utdanning full pott på desse punkta. Resultatet kan bli det psykologar kallar valoverbelastning. Her er nokre teikn på at valoverbelastninga rår: Du unngår å ta valet så lenge som mogleg. Du er redd for at du kjem til å angre same kva du vel. Du får lyst til å ta eit kjapt val basert på magekjensla, med dette er ikkje nødvendigvis så lurt.

Baksida av magekjensla

Magefølelse er ein god ting å ha i livet. Den gjer at du klarer å takle den vanvitige mengda informasjon og alle vala du må ta i løpet av ei heilt vanleg veke. Samtidig viser forsking at den er ein dårleg rettleiar når vi skal ta viktige og kompliserte val, som utdanningsval gjerne er.

Magekjensla baserer seg til dømes for mykje på den lettast tilgjengelege informasjonen, som utdanningar venner og familie snakkar mykje om eller som blir ofte nemnt i media. Problemet er naturlegvis at det venner pratar om eller det som får mange klikk i media ikkje nødvendigvis er det som passar deg best.

Går du i stadfestingsfella?

Når vi baserer oss på magekjensla har vi også ein lei tendens til å stadfeste dei antakingane vi allereie har. Om du allereie blir trekt mot eit utdanningsval, er sannsynet stor for at hjernen din vil finne støtte for det valet og litt for raskt sjå bort frå andre alternativ. Det er ein god ting å vere trygg på valet sitt, men verkeleg trygg er ein først når ein vurdere alle alternativa nøye. Å vere heilt sikker på at utdanningsløpet du har valt blir det einaste rette er ikkje nødvendigvis eit kvalitetsstempel.

Så, korleis skal du unngå å ta eit forhasta val, men samtidig ikkje bli heilt overvelda av informasjon? Her kan du lese om seks trinn mange kan ha nytte av å følgje.

Tekst utarbeidde i samarbeid med psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg.

[1] Chernev, A., Böckenholt, U., Goodman, J.(2015) Choice overload: A conceptual review and meta-analysis, Science direct, 25(2), pp. 305-312. doi: 10.1016/j.jcps.2014.08.002