Korleis finn eg ut kor mykje eg kan tene?

Løn kan vere viktig når du skal finne ut kva studie eller yrke du bør velje.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå er den gjennomsnittlege årsløna i Noreg på 609 600 kr.

Noko å tenkje på: 

  • Det er mange ting som påverkar løna. Til dømes kan det vere stor skilnad på om du bur i ein stor by eller ei lita bygd. Det kan også vere skilnader mellom regionane i Noreg. Dette vil påverke kva du sit att med kvar månad når alle utgiftene er betalte.

  • Kor mykje og når på døgnet du ønskjer eller kan jobbe, vil verke inn på løna. Ein del yrke inneber til dømes mykje jobbing om kvelden, natta og i helgane, og dette kan gi lønsvariasjonar innanfor yrkesgruppa.

  • Løna vil også skilje seg for ulike personar med same yrke ut frå kva utdanningsnivå dei har og kor mykje ansvar dei er villige til å ta på seg. Det kan til dømes vere store skilnader mellom ein vanleg tilsett og nokon med leiaransvar, sjølv om dei har same utdanningsnivå.

  • Enkelte yrke tilbyr løn i form av provisjon i staden for fastløn. Her kan du lese meir om provisjon.

Sjekk ut:

  • Referansebudsjettet til Oslomet: Her kan du rekne ut kva du sit att med av løn etter at utgiftene dine er betalte.

  • Utforsk kva ulike månadslønner kan bety for deg med å setje opp et realistisk budsjett i NAV sitt skjema

  • Sammenlign.utdanning.no: Her kan du setje opp ulike yrke du vurderer, og få ei oversikt over månadsløn eller årsløn.

  • Ssb.no: På nettsidene til Statistisk sentralbyrå finn du ei oversikt over lønsnivå for ulike yrkesgrupper.

  • Arbeidsplassen.no: Her finn du stillingsannonsar og tips til korleis du lagar ein god CV.  

  • I tillegg til ressursane over, har fagforeiningar ofte informasjon om lønsnivået til medlemmane sine. Sjekk difor ut nettsider som er relevante for fagområda/yrka du er nysgjerrig på.