Er personlegdomstestar det rette valet for deg?
Lurer du på om du skal ta ein personlegdomstest for å finne ut av kven du er? Mange bruker ulike testar og refleksjonsverktøy for å bli betre kjende med seg sjølve før dei vel karriereveg. Her er det viktig å vere klar over at det er store skilnader i kvaliteten på testane du finn på nettet. Ver difor kritisk til kva du bruker og korleis du tolkar resultata du får.
Noko å tenkje på:
-
Det er mange måtar du kan utforske personlegdomen din og interessene dine på, til dømes gjennom personlegdomstestar, persontypetestar og refleksjonsverktøy.
-
Ingen testar eller verktøy kan gi deg eit eksakt svar på kven du er, eller kva studium du bør velje.
-
Det finst ulike yrkesgrupper som kanhjelpe deg vidare med å bli kjend med deg sjølv. Dette kan til dømes vere karriererettleiarar og psykologar.
-
Karriererettleiarar kan ofte bidra i vidare refleksjon rundt jobb og utdanning. Du kan undersøkje om karrieresenteret i fylkeskommunen din bruker refleksjonsverktøy i si rettleiing.