Derfor kan det vere vanskeleg å ta eit val

Val av yrke og arbeidsstad er to av dei største avgjerdene vi tar. Dersom du i tillegg er usikker på utfallet av valet kan det gjerne det endå vansklegare å bestemme seg.

Kvifor så vanskeleg?

Det blir vanskeleg å bestemme seg for eit val når vi både er usikre på resultatet av valet, og valet opplevast som viktig. Når du skal velje arbeidsstad kan det nesten opplevast som om du skal velje mellom ulike retningar i livet. Det er ikkje rart at mange opplever at dette er krevjande.

Ein vanleg strategi i slike situasjonar er å utsetje avgjerda. Det gjer deg letta fordi du slepp å måtte handsame spørsmålet der og då.

Denne kjensla kan ofte vere kortvarig. Hjernen vår har nemleg ein tendens til å surre rundt uløyste oppgåver. Du har sikker opplevd at når du har noko du må hugse, så kvernar det vidare i bakhovudet. Deretter dukkar det opp i tide og utide, og merksemda di rettast mot det. Av den grunn er det ofte godt å få tatt avgjerda og få ho ut av verda.

Før du kan ta denne avgjerda kan du møte på to vanlege tankefeller: Informasjonsfella og tapsaversjon.

Informasjonsfella: Meir informasjon er ikkje alltid betre

Vi trur ofte at meir informasjon vil gjere det enklare å ta val. Det er spesielt vanleg når vi står framfor store avgjerder, fordi vi tenkjer/tenker at det vil hjelpe oss til å få sjå utfallet.

Men liva våre, dei utspelar seg på underlege måtar. Nesten uavhengig av kor mykje informasjon du sit på eller kor mykje du grublar i forkant, vil ikkje valet du tar ende annleis enn du trur. Heilt sikkert.

Å leve med at usikkerheita kjem til å vere der, og at ting kanskje ikkje blir heilt som ein tenkjer/tenker, er viktig å minne seg sjølv på.

Tapsaversjon: Frykta for å angre

Forsking viser at folk er meir redd for å ta feil val, enn å ta det beste valet. Frykta for å angre dominerer i valsituasjonen.

I psykologifaget seier ein at menneske lir av tapsaverasjon. Når ting som høyrest ut som, eller som har eit potensial for tap, gar vi ein tendens til å styre unna. Det er ikkje alltid at det leiar oss til dei rette avgjerdene. Du kan tenkje over i kva grad det frykta for å ta feil som er styrande i valprosessen din. Om det viser å vere tilfelle kan det vere nyttig å rette fokuset mot kva andre valalternativ som er gode nok.

Hjernen din beskyttar deg

Om usikkerheita og tapsaversjonen ikkje slepp taket, kan det vere greitt å vere klar over at vi er utstyrt med eit slag psykologisk immunforsvar.

I eit kjent eksperiment blei deltakarane delt i to grupper. Begge gruppene tok same val, men berre den eine gruppa kunne ombestemme seg. Resultata viste at dei som ikkje kunne ombestemme seg, blei meir og meir nøgde med valet, mens den andre gruppa blei gradvis meir misfornøgde.

Med andre ord: Når vi først tar eit val, er hjernen vår vanlegvis ganske god til å sørge for at vi tilpassar oss valet.

Uansett kva du bestemmer deg for, vil du ikkje få ein garanti for at utfallet blir som du ønskjer. Gode avgjerder kan gje dårlege resultat, og dårlege avgjerder kan gje gode resultat. Det er element av sjansespel i ei kvar avgjerd.

Derfor bør vi ikkje vere så strenge med oss sjølv dersom det ikkje heilt går etter planen. Då kan vi heller undersøkje kvifor det ikkje gjekk heilt etter planen, og kanskje ta valet på nytt.

Teksten er utforma i samarbeid med psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg.