Derfor kan det være vanskelig å ta eit valg

Val av jobb er ei stor avgjerd for mange. Det kan vere ekstra vanskeleg å bestemme seg viss du er usikker på resultatet av valet.

Kvifor så vanskeleg?

Å ta val om jobb kan vere utfordrande. Det kan vere ekstra vanskeleg når du er usikker på kva som vil skje og føler at valet er viktig. Nokre gonger utset vi valet for å sleppe unna stress, men det kan gi kortvarig lette. Det kan føre til at vi framleis tenkjer på valet som vi ikkje har teke.

Du kan støyte på to vanlege tankefeller før du bestemmer deg – informasjonsfella og frykta for å angre.

  • Informasjonsfella: vi trur ofte at meir informasjon vil gjere valet lettare, men livet har ein tendens til å overraske oss same kor mykje vi veit på førehand. Å leve med at uvissa kjem til å vere der, og at ting kanskje ikkje blir heilt som ein tenkjer, er viktig å minne seg på.
  • Frykta for å angre: det er også vanleg å vere redd for å ta feil val, og denne frykta kan gjere at du ikkje tek eit val. Du kan tenkje over i kva grad det er frykta for å ta feil som påverkar valet ditt. Viss svaret er ja, kan det vere nyttig å undersøkje kva valmoglegheiter som er gode nok. 

Hjernen din vernar deg

I eit kjent eksperiment vart deltakarane delte i to grupper. Begge gruppene tok same type val, men berre den eine gruppa hadde høve til å ombestemme seg. Resultatet viste at dei som vart mest fornøgd med valet var dei som ikkje kunne ombestemme seg. Dei som kunne ombestemme seg vart gradvis meir misfornøgd. 

Sagt med andre ord: Når vi først tek val, så er hjernen vår vanlegvis ganske god til å sørgje for at vi tilpassar oss det valet.

Kva kan du gjere?

Det er viktig at du ikkje er for hard mot deg sjølv. Det finst ingen garantiar for at alt går som du håpar eller planlegg. Nokre gonger er det nødvendig å sjå på valet på nytt og justere kursen etter kvart som du lærer meir.

Teksten er utformet i samarbeid med psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg