4 tips til søknad

Søknaden din skal vise arbeidsgivar at du forstår kva jobben inneber, og korleis du vil løyse arbeidsoppgåvene. Her er fire tips til korleis du kan tilpasse søknaden til stillinga.

1. Les stillingsannonsen godt 

Kva står om arbeidsoppgåvene, arbeidsmiljøet eller annan informasjon om jobben? Bruk informasjon frå stillingsannonsen når du skriv søknaden.

Meir kan du finne i 4 tips til kva du kan sjå etter i ein stillingsannonse.

2. Finn informasjon om arbeidsgivar 

Finn ut kva bedrifta gjer, kva som er viktig for dei, og kva mål dei har. Bruk denne informasjonen til å forklare korleis du kan bidra. Sjekk om dei har ei nettside eller snakk med tilsette for å lære meir.

3. Få fram kva du kan bidra med  

Bruk konkrete døme på korleis eigenskapane og kunnskapane dine kan vere nyttige i jobben du søkjer på. Forklar korleis du vil bruke dei i praksis.

Her er to verktøy som kan hjelpe deg å beskrive kven du er og kva du kan:

4. Sjå over søknaden din 

Sjekkliste: 

  1. Har du fått fram kva du kan bidra med i jobben du søkjer på?
  2. Viser du korleis du kan løyse arbeidsoppgåvene?
  3. Er søknaden kortfatta og utan skrivefeil? 

Treng du hjelp? 

Her kan du få hjelp til å lage førsteutkast til jobbsøknaden.

Du kan snakke med ein karriererettleiar på karriereveiledning.no eller hos karrieresenteret i fylket ditt.