Sjekkliste for CV

Ein CV viser arbeidsgivar kva du har gjort fram til no, og er ei oversikt over utdanninga og erfaringa di. Her er nokre spørsmål som kan hjelpe deg når du skal skrive CV.

Har du fått nok informasjon om jobben du skal søkje på?
Viser CV-en din korleis du dekkjer krava som står i stillingsannonsen ?
Har du oppgitt referansar?
Er kontaktinformasjonen din rett?
Er CV-en din oversiktleg og utan skrivefeil?
Har nokon lese gjennom CV-en din?