5 tips til CV

Ein CV viser arbeidsgivar kva du har gjort fram til no, og er ei oversikt over utdanninga og erfaringa di.

1. Tilpass CV-en til stillinga du søkjer på

Ein CV bør innehalde informasjon som gir arbeidsgivar oversikt over korleis du dekkjer krav og eventuelle ønske til stillinga. Det er stor forskjell på krav og ønskjer. Krav er noko du må kunne for å få jobben. Ønske er erfaring arbeidsgivarar vil at du skal ha, men som ikkje er avgjerande for tilsetjing. Les derfor stillingsannonsen godt. For tips, sjå Slik lesar du stillingsannonsen.

Er stillingstittel dekkjande for kva du jobba med, eller viser namn på utdanning kva du har lært? Dersom det er vanskeleg for arbeidsgivar å sjå om du dekkjer krav og ønskjer, kan du bruke korte skildringar på arbeidsoppgåver i ein jobb, eller innhald i ei utdanning.

2. Bruk gjerne ein mal

Det er viktig at du har ein ryddig CV, der arbeidsgivar lett kan sjå kva som er kompetansen din. Det er fleire malar på nett du kan bruke som du kan finne ved å gjere eit nettsøk på til dømes «cv mal». 

Mange organisasjonar har gått over til digitale verktøy som Webcruiter og Jobbnorge, men det er framleis ein del som ønskjer at du sender ein eigen CV.

3. Snakk med referansar før du fører dei opp

Dette kan du snakke med referansane dine om:

  • Spør om dei kan vere referansen din
  • Si kva jobb det gjeld
  • Si frå viss du blir innkalla på intervju sånn at dei veit at dei kan bli kontakta

Det er også mogleg å skrive «referansar blir oppgitt ved behov» når du søkjer. Då kan du vente med å snakke med referansane dine før eit eventuelt intervju.

4. Du kan få hjelp til å fylle "hol" i CV-en

Det er ikkje all livserfaring som er like enkel å dokumentere. Til dømes dersom du har vore sjuk, på reise, sona, eller av andre grunnar ikkje vore i jobb eller utdanning. Det blir ofte kalla å ha «hol i CV-en». Ta kontakt med ein karriererettleiar viss du treng hjelp til korleis du kan formulere det i ein CV.

5. Sjå gjennom CVen din

Sjekkliste

  1. Viser du korleis du dekkjer krava til stillinga?
  2. Viser du erfaring og utdanning ryddig og omvendt kronologisk?
  3. Har du rett kontaktopplysningar på deg sjølv og referansar?
  4. Har du fått med deg viktig informasjon, som utdanningar, jobbar, kurs, frivillig arbeid.
  5. Har du sjekka rettskriving og oppsett?

Lenkjer til andre sider med CV-tips

Om du har lite arbeidserfaring, eller er nyutdanna:

Om du har høgare utdanning, eller mykje arbeidserfaring