4 tips til å undersøke lønn
Det er mykje som påverkar lønn. Alder, erfaring, utdanningsnivå, kor mykje du jobbar og om det er offentleg eller privat er nokre døme.
Statistisk sentralbyrå oppgir at den gjennomsnittlege årslønna i Noreg er 676 000 kr. Det er fordi nokre få med veldig høg lønn dreg snittet opp. Typisk årslønn, altså medianlønn, i Noreg er 608 000 kroner ifølgje Utdanning.no.
Her kan du finne informasjon om lønn:
- Yrkesomtalene på Utdanning.no. Her er lønn eit eige punkt.
- Statistisk sentralbyrå - ssb.no. Her kan du sjekke lønn for mange yrke, og også finne meir informasjon om kva som påverkar lønn.
- Samanlikn lønn for ulike yrke. Du kan bruke Utdanning.no sitt verktøy for å samanlikne lønn, utdanningsbakgrunn og arbeidsmarknad.
- Nettsida til fagforeiningar. Der kan du ofte finne informasjon om lønnsnivået innanfor bransjen.
Framleis usikker?
Her kan du snakke med ein karriererettleiar på chat og telefon.