4 tips til intervju
Det viktigaste du gjer i intervjuet er å vise kva du kan bidra med i jobben. Det kan du øve på når du førebur deg. Og hugs - det er heilt normalt å vere nervøs!
1. Finn ut kva type intervju du skal på
Intervjuformen kan ha noko å seie for korleis du skal førebu deg. Du kan ta kontakt med kontaktpersonen oppgitt i stillingsannonsen om du er usikker på korleis intervjuet blir gjennomført.
Her er nokre døme på ulike typar intervju:
- Individuelt
- I gruppe
- Med oppgåver som du skal løyse
- Med personlegdomstest
2. Førebu deg
Du kan bruke verktøyet Øv på intervjuspørsmål når du skal førebu deg.
I intervju får du som regel spørsmål om både kompetanse og personlege eigenskapar. Her er to verktøy som kan hjelpe deg:
3. Øv på å presentere deg
- Du kan øve på å presentere deg åleine, for ein venn, eller ein karriererettleiar. Det er vanskeleg å vite nøyaktig kva du blir spurt om, men det er god trening å øve på ulike spørsmål og svar.
- Nokon liker å lage seg tankekart eller skrive stikkord. Desse kan du ta med i intervjuet.
4. Still spørsmål i intervjuet
- Ver sikker på at du forstår spørsmål du får. Du kan be arbeidsgivar om å gjenta spørsmålet, utdjupe, eller at det blir stilt på ein annan måte.
- Hugs at du skal vurdere om dette er ein jobb du vil ha. Still spørsmål i løpet av intervjuet om du treng meir informasjon om til dømes jobben, arbeidsgivar, eller vilkår.
Etter intervjuet
Ver førebudd på at det av og til kan ta tid før arbeidsgivar gir tilbakemelding.
Viss du ikkje får jobben, er det mogleg å be om tilbakemelding. Det kan gi deg nokre tips til den neste jobben du søkjer på. Du kan til dømes spørje om:
- Kva ville gjort meg meir aktuell for stillinga?
- Har du tips til kva eg kunne gjort annleis?