4 alternativ når du vurderer å byte utdanning
1. Hald fram i utdanninga
Sjølv om du vurderer å byte utdanning kan det hende at du vel å ikkje gjere det. Sjekk kva moglegheiter du har viss du held fram:
- Korleis vil utdanninga vere vidare?
- Få hjelp til å sjå om på ulike løysingar, som kan vere: fullføre delar av utdanninga, endre faga, permisjon og deltid.
2. Byt utdanning
Det er ikkje uvanleg å byrje på ei utdanning, for så å skifte meining. Viss det er ei anna utdanning du heller vil ta, kan du byrje med å:
- Sjekke moglegheitene for å få byte i løpet av skoleåret
- Søke på utdanninga
3. Byt utdanningsstad
Trivst du med utdanninga, men ikkje lærestaden? Sjekk ut om du kan ta utdanninga:
- Ein annan stad
- En annan måte, til dømes på nett, deltid eller i opplæring i bedrift.
4. Gjer noko anna
Du må ikkje ta utdanning no viss det ikkje passar. Du kan jobbe, ta kurs eller ulike førarkort. Sjekk ut: