3 tips til å undersøke ein framtidig jobb

Det er ingen som veit kva jobbar vi vil trenge i framtida. Trendar viser at det vil komme nye jobbar, samtidig som nokon vil forsvinne. Men det er ofte slik at utdanninga du tek kan brukast i ulike bransjar.

Her er tre tips til kva du kan sjå på når du vurderer utdanning:

1. Sjekk utdanningsomtalen

Kva blir sagd om jobbmoglegheitene for utdanninga du vurderer? Ofte blir det sagt noko om kva jobbar det er mogleg å få i utdanningsomtalen. Den finn du på utdanningsstaden sine nettsider.

2. Sjekk dagens arbeidsmarknad for utdanninga du vurderer

Ofte kan ei utdanning brukast til fleire ulike jobbar. Gå inn på arbeidsplassen.no, finn.no eller andre jobbportalar. Søk opp utdanninga eller fagområdet du vurderer. Då vil du få opp stillingsannonsar som er relevante for dei fagområda.

3. Vel ut frå andre kriterium

Finn ut kva som interesserer deg. Kva arbeidsoppgåver vil du trivst med i framtida? Sjå Kva ønsker du deg i ein jobb og 3 steg til å utforske interessene dine.

Framleis usikker?

Her kan du snakke med en karriererettleiar på chat og telefon.