3 ting å tenkje på når du skal ta meir utdanning

Har du oversikt over kva du kan, og kva du ønskjer å lære? Mange vaksne tek kontakt med Karriereveiledning.no fordi dei er usikre på om dei skal ta meir utdanning, og kva utdanning dei skal velje. Her er 3 tips vi ofte gir til vaksne som snakkar med oss.

1. Finn ut kva du ønskjer å få ut av utdanninga

Det kan vere ulike grunnar til å ta meir utdanning. Her er nokon grunnar:

  • Andre arbeidsoppgåver
  • Endre arbeidstid
  • Tene meir
  • Få ny jobb eller byte yrke
  • Bli tryggare i jobben du har

Kva ønskjer du å få ut av meir utdanning? 

2. Få oversikt over kva du kan

Kan du meir enn du trur? I jobb, utdanning og frivillig arbeid får mange ofte kunnskap og ferdigheiter dei kanskje ikkje er heilt klar over. Kan erfaringane og utdanninga du allereie har hjelpe deg å nå målet?

Du kan bruke verktøyet Beskriv kva du kan for å få oversikt.

3. Undersøk moglegheitene

Kva ønskjer du å lære meir om? Kanskje er det fleire utdanningar som er aktuelle? Sjå 4 stader du kan leite etter utdanning for vaksne for å finne fram til moglegheitene.

Her er nokre tips til kva du kan sjekke for utdanningar du vurderer:

  • Kva kjem du til å lære?
  • Kva er opptakskravet?
  • Er det nokon utgifter for utdanninga?
  • Er det obligatoriske innleveringar og oppmøte?